Skrevet 29.04.2014 kl.05:03. Ligger i kategorien Hawaii

0


Dag 2;
North Shore/Polynesian Cultural Center

Fyrst køyrde me Ioani Palace, før Hawaii blei ein del av USA var dei eit monarki. Me stoppa der og tok ein del bileter.



Alle jentene

"Alle" gutane


 Alle saman.

 

Derretter var det til North Shore, det er der bay watch er spelt inn, blei nokre fine bileter der ifrå.

Me tok vegen vidare til ananas plantasjen, Dole (banan-merket) der me hadde fantastisk ananas is og fekk laga armbond med det Hawaiianske navnet ditt og betydninga. Mitt var Kalianè og betyr nytelse..;)

For lunsj stoppa me i ein liten søt by. Desserten var shave ice (knuste isbeta med saft).

Klokka er no blitt 14.00 og me har komt oss fram til Polynesian Culture Center(PCC). Før eg reiste trudde eg PCC var eit museum og var ikkje akkuratt så særleg begeistra, du kan tru eg hadde feil. Det var ein stor park der me lærte om språk, livsstil, arkitekt, mat, hula dans og masse meir!




Me var på to show, eit live show der kjære Håvard blei dratt ned på scenen. Og ein kino med masse kule effektar (vannsprut på oss, bevegande seter osv). Etter det var det og få i seg kjempe god mat, kople i musikken og kjøre ein lang buss tur heim og rett til sengs.

Dag 3;
Pali Lookout / Kailua Beach

Me køyrde opp til ein utsiktsplass, var ikkje akuratt det mest spanade eg har gjort, men det var no kjekt og ta eit bilete og to.

Me handla litt mat også satte me av garde til ei nydleg strand! Stakkars Brasillianarane kjøpte ein heil isboks, som diverrre berre varte i 5 min før dei mista den i bakken og den knakk. Is overalt.

Stranda var bare soling, soling og meir soling. Eg ringte så klart mamma og spørte kva ho gjorde på, ho satt inne for det var så surt og regna mykje.

Avslutta kvelden med god middag på Hard Rock og shopping.

Dagens høgdepunkt;

Dag 2; Då Håvard blei tatt ned på scenen, fantastisk.

Dag 3; Ligge på stranda heile dagen med Sara, Anna og Håvard.

- Karianne

 

 

Skrevet 16.04.2014 kl.08:37. Ligger i kategorien Tankar

0


Korleis meiner du eg skal reise frå desse fantastiske menneska? 
Korleis kan eg ikkje være i skyene av glede fordi eg skal heim til mine beste?

Det var som eit slag i magen i dag då mom begynte å prate om pakking for heimreisa min. Det har ikkje slått meg før no, at eg faktisk skal forlate den nye mamma og pappa, eller mom and dad som dei kallast, min og resten av alle dei fantastiske vennane eg har fått. 


Skal ærleg sei at tårene triller i kveld og det blir ein hard kveld. Det er som at nokon tar mitt aller kjæraste å røskar det frå meg før eg i det heile tatt er klar over kva som skjer. Det er ikkje nok tid, ikkje nok ord og ingen forklaring eg kan gi til den amerikanske familien min til at dei forstår kva dei har gjort for meg. 

Eg har fått meg verdens finaste amerikanske veninne her borte og korleis reiser ein frå det når ein veit ein aldri vil vera saman kvar dag nokon gong igjen? Kan nokon ver så snill å fortelja meg det?? 




 

Korleis skal eg forlata alle dei fine norskane mine? Kristin du som bur heilt oppe med Tromsø.. Sara i Trondheim.. Magnus i den litle pukkelen på grenso til Sverige.. Og alle dykk andre, eg klarer ikkje tanken på det ein gang.





Men så snur eg på det, så kan eg ikkje vente med å komme meg på flyet heim! Eg er så klar for å komme heim til dykk der heime, eg saknar kvar einaste litle del av dykk.. Eg teller dagar og planlegger allereie dei fyrste dagane mine! Masse har forandra seg, men på same tid ingenting. Eg er bare så klar for å kome heim til dykk.. 



Mamma - eg kan ikkje vente med å sjå deg, du er det beste mennesket eg kunne hatt. Masar hål i hovudet på deg kvar einaste dag opptil fleire gongar, og du er like tolmodig kvar gong. Dette året hadde aldri gått utan deg og din umenneskelege støtte, det trur eg me alle veit til no. Eg har ingen ord for kor heldig eg er. Tusen takk.


Eg skal reise heim med verdens tyngste tårer, men også med verdens beste smil.

- Karianne

 

Skrevet 03.04.2014 kl.14:57. Ligger i kategorien Hawaii

1


Ankomst dagen;

Arrive in Honolulu, HI

Då eg endeleg starta og pakke kl. 23.00 (procastinating) så blei det diverre ein sein kveld og bare 2 timar søvn før eg måtte opp kl. 5 for å hente mister Tyskland, Marvin, og mister Norge, Magnus. Me kjørte til flyplassen og kom oss fort igjennom security.
 


Me veit alle kva eg syns og å fly, men med tanke på det så gjekk flyturen relativt greitt. Eg, Mari og Magnus heldt oss opptatt med film, do-besøk og tøying langs gangane.



Me var så heldige at bagasjen vår blei droppa på heilt øst sida av flyplassen og at møte plassen var heilt nord. Så det blei litt fram og tilbake for å komme oss der, men ved hjelp av dei lokale og shuttlebuss kom me oss fram. 

Me var den først gruppa som kom av 105 stk. (JA, 105!), me fekk tildelt rom og Kristin, Brazil, Frankrike og eg fekk det beste rommet av dei alle - utsikt over stranda, havet og byen!


Skikkelig bra organisert heile opplegget. 

Gjensyns gleda av å sjå Anna og Håvard igjen er utan ord. Kvar dag i 6 månadar har me snakka på facebook, har skypa med Håvard omtrent kvar dag, så det å sjå desse fantastiske menneska var herleg! Sara som eg ser tritt og ofte, ho grein og grein for ho var så glad... Møsa!



Dagen vidare gjekk i og utforska området, spis og bli kjent med studentane.


Dag 1;

Catamaran Tour / Surf Lesson

Me sto opp tidleg, smøret oss inn, spist frukost før me alle tok beina til fats og gjekk til stranda. 

Kva agendaen var for i dag? Surfing, katamaran båttur og soling. 
Eg må sei at eg har eit heilt nytt syn på surfing, det er noko av det tyngste eg har gjort! Padlinga var heilt forferdeleg, du fekk 20 fantastiske sekund der du sto opp å surfa med bølgja, men så bruker du dei neste 10 min på å padle tilbake. Hadde gangsperr dei to neste dagane.

Katamaran båtturen var ein flott opplevelse, me satt på tuppen og blei dusja ned med bølgjer medan me speida etter skilpadder, delfinar og kvalar! Eg såg 1-2 meter store skilpadder noko som var så sjukt kult.



Ganske sikker på at me såg kval, og den andre gruppa såg delfinar! Me stoppa midt på den turkise sjøen og (nesten)alle hoppa uti. Det var fantastisk fint! God kvalitets tid saman med venner.

 

Me spist god lunsj, solte oss i nokre timar før me gjekk til hotellet å stelte oss for kvelden.


Me gjekk å spist pizza, deretter litt shopping.

Alt i alt var det ein super fyrste dag. 

Dagens høgdepunkt;

Ankomst dagen;

Då Anna kom springande ut frå bussen og eg fekk ein lang, god og ikkje minst etterlengta klem.


Då Håvard kom inn i lobbyen og eg kunne sjå at han speida etter meg med blikket, fantastisk.

 

Hahaha

Dag 1;

Vera saman med Sara, Anna og Håvard etter så mange månadar utan tvil, men å sjå skilpadda var stort også. 

- Karianne

Skrevet 31.03.2014 kl.15:45. Ligger i kategorien Blogg

0


Hei bloggen, lenge siden sist.
Nytt innlegg i måro om eg kan få litt dø tid i kvardagen min!

Skrevet 17.02.2014 kl.23:47. Ligger i kategorien Hawaii

2


Tilbake fra Hawaii, og det er grusomt. Klarer ikkje samle meg etter ei så fantastisk veke. Eg skal skrive om det, men må finne ut kor eg skal starte, beste veka i mitt liv uten tvil.




Eg har ingen andre ord for denne turen en PERFEKT.

 

-          ­Karianne

Skrevet 04.02.2014 kl.03:31. Ligger i kategorien USA

5


Lørdag (25.01) kl 05.15 gjekk alarmen til Sara av, då var det å komme seg opp, hove på seg joggekler og komme seg ut døra - det var tid for The Color Run!

 

Me møtte opp og registrerte oss inn fekk velkomst pakke med tshorte, armbond, veske, tattoovering osv. Me hadde litt døtid før løpet starta så me gjekk bort på Starbucks for å få i oss litt kaffi og mat. 

For dykk som ikkje veit kva eit Color Run er så er det eit 5 km løp der for kvar 1 km du har gått får ein forskjelleg farge kasta på deg.

I mitt tilfelle;

1km = rosa

2km = gul

3km = rødt

4km = blått

 

5km = lilla

Stemninga var fantastisk, ikkje berre under løpet, men både før og etter! Då me kom til endes av løpet sprang me inn til mållinja der det var konfetti som blei blåst over alt. Det var også mogleg og ta bileter, gå rundt på stands, handle sports klær og ikkje minst gå bort til scenen der dei hadde Color Spray kvart 10 minutt.

Alt i alt var dette over ALLE forventningar og Sara, Kristin, Karoline og eg har allerie meldt oss på eit nytt løp i April, det er det same konseptet bare på kveldstid denne gangen med Neon fargar.

 

Håper alle har det bra der heime!

 

- Karianne 

Skrevet 04.02.2014 kl.03:28. Ligger i kategorien Heim turen

0


Då eg la ut videoen 15. januar hadde eg over 1000 visningar på bloggen min, og for meg som har type 30 dagleg var dette litt av eit kjendissjokk.

Ikkje berre fekk eg kjempe fine kommentarar på bloggen, men heilt utruuleg mange meldingar på Facebook fra kjente og andre utvekslingsstudentar. Det var mange som sa kor masse dei såg fram til og kome heim og sjå familie, nokon sa dei skulle ønske dei hadde gjort det same, andre meinte at den reakjsonen eg fekk hadde dei aldri fått, det er fleire enn eg har tal på som har skrevet å sagt at denne videoen fekk dei til å grine, at dei ikkje kunne vente med og komme heim og så mangen fleire.

 

Eg fekk min "hall of fame" når eg var heime i jula, og eg håper sånn at kvar einaste enkelt utvekslingsstudent får denne følelsen når dei kommer heim i Mai/Juni/Juli. Dette året har lært oss alle kor viktig familie, venner og bekjente er. Me har lært verdien i pengar, omtanke, frihet og unconditionalkjærleik som me har i heimlandet vårt.

Eg ville vel bare seia tusen takk til alle som skreiv kommentar på bloggen, facebook, mail og melding! Det var fantastisk med så mangen fine kommentarar. 

- Karianne

Skrevet 16.01.2014 kl.03:14. Ligger i kategorien Heim turen

19


For omtrent 3 månadar sidan skypa eg med Malin der ho fortalte meg at ho skulle heim ein liten tur og besøkja familien i Februar. Då ho satt og fortalte om dette så gjekk eg inn å sjekka kalenderen for skuleåret mitt, etter det ringte eg mamma og spørte om eg ikkje kunne få kome heim i romjula, dette blei veldig positivt tatt imot.

Around 3 months ago I was skyping with my friend Malin; she was telling me about how she was going home to visit her family in February. While she was telling me all about this I went in and checked the calendar for my school year, then I called my mom and asked her if I could come home for Christmas break, and both mom and dad got really excited about it.

Husk at INGEN  viste om dette utan om mamma, pappa og bestefar. Alle trudde me skulle ha ein skype samtale, der mamma skulle kople meg opp på storskjermen

Keep in mind that NO ONE knew this except my mom, dad and my grandpa. They all thought we where skyping, that my mom was connecting me to the television.

Me bestemte oss for at det var viktig og få feire jul i Amerika slik at eg fekk den opplevelsen, så 26 desember var heimreise datoen min. Denne turen heim var sponsa av mamma og pappa som ein julepresang. Eg kan aldri få sagt kor mykje det betyr for meg, men eg håper dei kan forstå at denne turen var fantastisk og ikkje minst har gjort heile dette året så lett for meg.

We all agreed that celebrating Christmas in America was important for me to experience, so December 26 was now my travelling day. This trip was given to me by mom and dad as a Christmas present. I can never really express how much this meant to me, but I hope they can in some way understand that this trip was not only amazing, but has done this year so much easier for me.

Eg har satt saman ein video som eg tenker mange har venta ei stund på.. Eg var diverre sjuk då eg kom til Noreg og den følgde meg tilbake til Amerika, der eg på topp av det hadde ein intens jet lag. Men betre seint enn aldri, her er videoen då eg overraska heile familien og vennane mine. 

I put together a video which I think a lot of people has been waiting for... Sadly I was sick when I came to Norway and it followed me back to America and on top of that I had the worst jetlag. But better late than never, here is the video when I surprised my whole family and friends. (In the end, wait a little then the english text will show up) 


 Eg skreiv dette i både engelsk og norsk slik at alle mine bekjente kan forstå. 

I put this in both English and Norwegian so that you English talking people could understand.

- Karianne

Skrevet 28.12.2013 kl.03:00. Ligger i kategorien Vertsfamilie

2


Amerikansk tid; 19.17

Det har vert ei interessant litle julafta, ei følelses ladd julafta og ein super første juledag.

På seint på bitte lillejulafta så hadde migrenen mine vert på spreng i 1 veke og mom meinte eg måtte komme meg til akutten, men så sa eg at me heller kunne gå om morgonen på litlejulafta.

Eg stod opp, dusja og så kjørte me til helsestasjonen for å få ein liten sjekk. Dei kunne ikkje finne ut kva det var som gjorde dette så dei sendte meg vidare til sjukehuset. Sjukehuset la meg ned på ei seng også kom dei inn med eit sprøyte-kit, då starta panikken litt småleg inni meg og mom som veit kor mykje sprøyter skremmer meg spurte om det ikkje var mogleg og få sleppe den sprøyta.


Ganske godt humør..

Eg endte opp med å bare tisse på kopp, så gav dei meg to sterke smertestillande og ein tablett for kvalme. Då tablettane slo inn fekk eg følelsen av å væra full (eller høg), og mom kunne ikkje hatt det meir morosamt. Ho filma meg, men det trenger eg ikkje poste her!

Etter ei stund kom dei og rulte meg nedover gangen fordi eg skulle få ein CAT-scan av hovudet mitt, dei ville sjekke at det ikkje var noko blødingar eller andre unødige ting som føregjekk der inne. Resultata var bra, dei fant ingenting der. På den negative sida kunne dei ikkje fortelja meg kva som gjorde desse migrene..

Då eg endeleg fekk bli skriven ut av sjukehuset så kjørte me til apoteket (drive through så klart) for å hente medisinane mine. Etter nyttåret skal eg til ein hjernelege og  prøve å finne ut av dette.  

Julafta her i Amerika var både nedtur og opptur.. Me sto opp kl. 6 for å kjøre min kjære søster Bea til flyplassen. Diverre er hennas år ferdig her i Amerika no, eg kjenner at eg kommer til å sakne henne så masse, ho har verkeleg vert ein fantastisk søster/venn dette halve året. Ho er nok det stillaste mennesket eg har møtt, men det har likevel vert fantastisk å ha ho her. Tablettane gjer meg veldig vekke, så eg fekk ikkje heilt med meg kva som skjedde på flyplassen, men det var ikkje noko gøy og måtte seia hadet.





Det var så uverkeleg at ho skulle reise. Har fortsatt ikkje forstått at ho ikkje kjem tilbake.

Når eg kom heim gjekk eg rett inn i senga til Bea og la meg til å sove. Så skypa eg med Anna, onkel, Kari og Siri.



Resten av dagen feira me ute hos David and Amy?s, altså vertsbror (#3) der me spist ei slags suppe/gryterett (?), det var jo ikkje akkurat den mest tradisjonelle maten, men herregud så gøy eg har det saman med denne familien!





Når me kom heim pakka eg, mom og Mitchell (vertsbror  #4) inn dei siste presangane også gjekk me og la oss i 2 tida. Me blei einige om å opne presangar kl. 11 om morgonen.

Då me sto opp hadde eg fått meg julesokk og maaaasse presangar. Alt i alt var dette ei fantastisk jul, ein av dei betre!


I går var det andre juledag og KARI hadde bursdag, eg har ikkje gløymt deg! Gratulera med dagen i går Kari!

 

GOD JUL FRÅ KARIANNE I AMERIKA

Skrevet 22.12.2013 kl.19:36. Ligger i kategorien USA

2


Dei siste vekene må eg heilt ærleg sei at eg har fått pakke annakvar dag. Eg har jo funne kjærleiken i internett shopping, å det sluker diverre ein del pengar (ikkje like masse som vist eg hadde budd i Norge då). Men no dei siste dagane er det ikkje bare presangar frå meg sjølv til meg sjølv eg har fått.

Henta posten for 3 dagar sidan, der ligg den blå lappen igjen.




Der var det jakku meg ein pakke frå Magnhild. Hoppande glad låg eg den under juletreet mitt på rommet. Dagen etterpå var lappen der igjen denne gongen frå mamma, pappa, Pål, Ronny, Ida, Helga. Eg fekk pakke frå Mauro for to veke sidan også. Og i går kom pakke frå Eirik.

Veit det fortsatt er nokre til på veg, kan ikkje venta med å få dei! Eg set så umenneskeleg pris for gåver eg får frå Norge, for det er ikkje faktisk bare til å gå å kjøpe ein presang, den skal sendast også. Det er heller ikkje sjølve pakken som betyr så masse, det er tanken bak det heile.




Når me er inne på pakkar så vil eg bare vise fram kva min verdens beste mamma og pappa har satt saman for meg. Dette kom i posten, eg starta bokstavleg å grine.



Vertssøster satt så stor pris på sjokolade kalenderen ho fekk, ho hadde aldri hatt det før.
 

 

Ikkje bare er det pakka inn i nydeleg papir, men festa på bestemors kalender hengar og ikkje nok med det så har dei funne fram masse bileter frå barndommen og no. Ord er ein ting, men det er handlingane som seier mest, dette forventa eg ikkje.

Eg skulle ynskja dykk kunne forstå kor heldig eg føler meg for å ha slik ein fantastisk familie og venar. Eg kan bare seia tusen takk og håpe dykk veit at dykk nettopp gjorde jula mi 10000 gongar betre.




Håper alle  har ei strålande før juls tid, eg har det heilt fantastisk her borte og eg er kjempe glad for å endeleg få ferie no!

-      Karianne

    PS!! Eg ringte posten i går - diverre vil ikkje pakken min være heime før 28. desember. Det er ein stoooor pakke som eg sendte til mamma, så dykk som skal der på damekveld får den då og resten vil få dei før året er omme haha. Unnskyld for at den ikkje kom i tide..

Skrevet 17.12.2013 kl.06:04. Ligger i kategorien USA

5


Dette inlegget skreiv eg i går, men posta nokre timar seinare.

 

Tid når eg starta inlegget; 00.30 16-12-13
Tid i skrivane augeblikk; 22.02 16-12-13

Dette har vert ein så gøy dag at eg kan ikkje gjera anna enn å setja meg ned å skrive om det.

Vil bare starte det av med at i går var eg og Jannicke på Skandinavisk Santa Lucia fest, der det var servert rød beter, poteter, kjøttkaker, baionne skinke, tyttebær syltetøy og ikkje minst saft og gløgg.  Dei hadde til og med riskrem. Det var ein utruleg fin samling, følte nesten ut som om me var tilbake i 7. klasse å hadde liten julekonsert for foreldre. Alle ungdomane hadde lært seg svenske julesongar og Santa Lucia.







I dag vakna eg opp av at mitt kjære søskenbarn, Anna, sendte den vanlege meldinga «Skype?» Eg kopla meg opp å der sit alle Bjelland/Bekkenes kvinnene og har pakkeleken. Eg og fekk være med å blåse på terningen og snakke med alle, så det var utruleg koseleg.

Pappa ringte meg i dag og fortalte meg at no var Hawaii betalt og ordna med. Pappa fikser alt han, slik er det bare, fantastisk. Etter å ha fått postkort frå Lisa gjennom heile barndomen når ho har vert over alt i verda, spesielt mange frå Hawaii, så gleder eg meg så utruleg til å sjølv få kunne oppleve det no. Det blir ei vekes ferie på Honolulu saman med masse andre internasjonale studentar, der me skal dykke, gå opp på ein vulkan, sjå Pearl Harbor, surfe og ikkje minst snorkle med skilpadder!(!!!)

Ettermiddagen og kvelden gjekk til Zoo lights. Ein del studentar frå heile Arizona møttes me på ein liten søt park der me fekk pizza og blei møtte med masse nye og gamle fjes frå både Brazil, Italia, Spania, Danmark, Tyskland og Kina. Det er så spanande og møte alle desse nye menneska frå så mange forskjellege land, bare for me alle hadde det same ynsket om å oppleve Amerika.  Me gjekk ein liten tur opp til eit fjell med eit hull midt i fjellet for å ta bileter.

Det går diverre i både kamera og iphone bileter, men det går bra jada.

 


Zoo lights er rett og slett det det høyres ut som, ein dyrepark med lys.










Marvin, tyskeren min.

Mine Norske favorittar, Haugesund og Trondheim sjøh!


Som du ser har dette vert ein fantastisk dag med alt for masse gleder. No sit eg å venter på at Hove billett salet skal starte slik at eg kan få bestilt billett til det. Bare masse gode ting i dag.

 

-          Karianne

Skrevet 02.12.2013 kl.01:22. Ligger i kategorien Tankar

12


Hei, no har eg vert i dette flotte landet i heile 5 månadar!(!!!!) Eg kan verkeleg ikkje tru kor fort tida har gått, føler eg kom for tre dagar sidan..

Jula kommer sakte, men sikkert. Julepynten har vert ute allerie i nesten ein månad her borte. Eg kjenner eg både gleder meg, men også gruer meg. Eg har aldri hatt sol og palmer på ei jul! Eg trur det blir ei spanande jul i år, butikkane har utrulege salg, salg på ting som er "halv pris" til vanleg her i forhold til Norge.

Etter 5 månadar her har eg no forma vennskap som eg ikkje kan/vil få meg sjølv til å skjønna at eg skal forlata om 5 korte månadar. Dette er den store nedturen med utveksling.


My dear Cassie. 



Kjirke vennane min, fantastisk gjeng. 


Så har me dei fantastiske cheerleaderane mine som gjer alt bra.

Eg må seia at eg er overraska over kven som har og kven som ikkje har kontakta meg medan eg har vert her. Folk eg hadde trudd skulle ta kontakt er folk eg så vidt høyre frå, nokon har ikkje ein gong sagt eit ord. Andre som eg ALDRI hadde forventa skulle snakke til meg er dei som muligens snakkar mest med meg. Eg håper bare dykk som tar kontakt forstår kor mykje det betyr for meg! Å være på andre sida av jorda og veta at nokon tenker på deg og tar seg tid til å skrive, om det bare er eit lite Hei! betyr såå såå masse, tusen takk!

Mamma har jo vert ein solid støtte og eg kan ikkje få sagt kor heldig eg føler meg. Ho stiller opp dag og natt (bokstavlegtalt.. unnskyld) og er der for meg med ein gong det er noko. Eg gleder meg så alt for masse til å gi mamma ein klem og sitja forran tv'en med ho igjen.

Denne månaden blir ein travel og spanande månad, det er heilt sikkert. Den 5. og 6. er det danseshow, dette har me jobba med kvar dag sidan skulen starta så dette blir kjempe gøy. Etter det er det bare masse prøvar og skule opplegg som må gjerast ferdig før me får ferie den 18. Den 21. då har min kjære Sara invitert alle Norske studentar i Phoenix på besøk noko som blir supert!  Eg skal òg på ei santa-lucia feiring med ei vennine på cheer laget mitt, dei skal synge sangen på svensk. Jula skal me feira hos vertsbror Matt der eg trur 70% av familien kommer.

Som du ser blir det ein flott månad, eg skal prøve å få skrive/filme det meste av det som skjer, slik at dykk kan holde følgje med meg.




Me må diverre seia farvell til vertsøster Bea (frå Brazil) som reiser heim 24. desember noko som vil bli utruuleg trist då me har blitt veldig nær i løpet av dette året..


I dag satt eg forresten opp juletreet mitt som eg kjøpte meg for ei stund sidan! Blei litt kjapt bilete, heheh

Håper julestemninga er i full sving heime, for her har den vert på i 1 månad for meg haha.

-      - Karianne 

Skrevet 26.11.2013 kl.23:57. Ligger i kategorien USA

3


Det er Thanks giving, som betyr ferie!
Dette blir den fyrste ferien eg har sidan eg kom ned her. Me har opp til no bare hatt ein dags fri eller ein halv dags fri, så no blir det fantastisk med heile 5 dagar fri!

Som utvekslingsstudent så lærer ein fort at det er viktig og setja pris på kvart augonblikk for du veit at om få månadar er alt over.

Eg prøver og få noko godt ut av kvar dag medan eg er her, om det er å være med venner på cheer, være med venner utanom skule og/eller finne på noko med vertsforeldrene mine, då spesiellt vertsmor sidan me har fått eit fantastisk forhold saman.

Når det er sagt så tar eg meg sjølv ofte i å sjå tilbake på kva eg har gjort opp til no, og eg kan ikkje sei anna enn at det har vert ein bergogdal bane utan like! Eg kom plutseleg på at min kjære fantastiske vennine Anna som er i California (bloggen) lagte ein fantastisk video då me var i New York City.

 



Det var ein så fantastisk vellukka tur sidan me var slik ei stoor gruppe som reiste saman, men eg må takka Anna, Sara og Håvard som gjorde den turen den beste starten på dette året. På grunn av den «Get ready» campen fekk eg meg 3 fantastiske vennar som eg no snakkar med kvar dag på facebook. Om det er nokon som forstår situasjonen min så er det dei.


Gleder meg såå til å sjå desse fine menneskene på Hawaii i Februar!

No er det snart desember og eg kjenner meg veldig klar for jul!
Og appropos jul, vist det er nokon som skal sende meg julepresangar eller brev (ja, takk) så seier posten i Norge at vist du sender den innan 29.NOVEMBER så er den garantert komt til meg innan den 25. desember, ja ? her i Amerika feirar dei jul den 25, blir gøy!
Addressa mi er:
Kerry Sunde
13440 N 44th st.
#1091
Phoenix, AZ 85032-6362

På fredag er det «Black Friday» som kan oversetjast som Amerikas salgs dag, med andre ord; Alt er på salg! Så eg skal få mesteparten av julepresangane gjort den natta. Men eg skal skrive meir om Black Friday og thanks giving på laurdag muligens. Skal prøve og filme litt og setja saman ein video.

Håper alle har det bra heime og setter kjempe stor pris på når dykk kommentere og/eller skriv til meg!

 

-    -   Karianne 

    Mista forresten bankkortet mitt, bra timing heh.

Skrevet 19.11.2013 kl.14:52. Ligger i kategorien Vertsfamilie

8


Kor interesang denne videoen er veit eg ikkje, men veit det er nokon som ville sjå dette, såå her er kvar eg bur.

Det er diverre nokre ting eg ikkje fekk med, som treningssalen.. Det var så mange som var å trente då eg tok runden med kamera og følte ikkje eg bare kunne valse inn og filme dei.

Det er faktisk fyrste gongen eg har vert på nokon av dei plassane eg filma, så det var gøy å sjå litt meir av området. Eg bur i eit slags kompleks så det består av masse leilighetar, basseng osv., me må kjøre igjennom portar når me skal komme inn her og det er kode på desse portane.

 

-      Karianne

Skrevet 17.11.2013 kl.18:08. Ligger i kategorien USA

4


Dårleg oppdatering og eg beklagar for det. Mamma purrer på meg kvar dag då det er så mangen som purrer på ho. Eg skal setja meg ned å lage ein video som viser korleis det ser ut her i nabolaget mitt og skal blogge litt om familien om ikkje så lenge. Eg er ikkje den beste på å blogge, men det er veldig gøy å sjå at statestikken held seg oppe! 


Eit lite bilete av "hagen".

- Karianne

 

Skrevet 30.10.2013 kl.20:54. Ligger i kategorien USA

1


Tid; 12.53

På fredag (30.10) inviterte Educatius (org. min her i America) alle utvekslingsstudentar i Arizona på eit stort Halloween arrangemang. Eg drog med meg Bea(vertssøster frå Brazil) til halloween butikken der me var i 2 gode timar å leita etter kostyme til meg. 

Dette var eit stort arrangemang med luftballongar, haunted house og forskjellege stands, men vikitigast av alt; mat. 

Me hadde det supert og det var kjempe gøy å snakke norsk igjen, det har vert ei stund siden no. Elsker å sjå alle dei norske studentane når det er lenge siden sist!


Må sei eg er suuper imponert, dette kostymet tar det til eit nytt nivå!

Eg let bileta snakke for seg her ifrå. Det var ein super kveld.

Bea og meg

"You have the right to remain silent.." vertsbror Mitch.


Dei norske + to frå Korea til venstre

Ein del utvekslingsstudentar frå heile verda.




Stephanie, kontakt personen min her borte og ho er akkuratt 1 m høg.


-Karianne

Skrevet 15.10.2013 kl.07:38. Ligger i kategorien USA

4


Kl:22.38

God kveld alle saman.

No kom eg akkuratt heim frå nok ein tur på fjellet/skauen. Etter 3 timar kjøring (litt villkjøring her og der også) så kom me oss endeleg fram til den gode gamle camping plassen som me var på forrige gong, Benny's ridge.



Rett før me kjøyrde avgarde. Ikkje mindre enn tre nasjonar stasjonert her. 
Brazil x2, America, Noreg x2 

 Denne gongen var me ganske mange som reiste opp saman. Min kjære Sara var min trufaste følgjar og med oss hadde me Bea (vsøs) og Barbie fra Brazil. Vmor Laurie, Riley, Ben, Ryan og Ashlyn fra sjølvaste Amerika. Me kom opp tidleg på lørdag og blei til i dag, mandag. 


Frå venstre; Sara, verdens beste, Riley, Ashlyn, Bea, Ben, Barbie and haha Laurie(vertsmor)

Med verken elektristet, dekning eller noko form for kommunikasjon utanfor campen  koste oss rundt bålet som var like høgt som meg. Der lagte me middag, s?mores, popcorn, kakao og diverse andre matrettar. Me var ute ved svinga (vist du har sett «Redneck» videoen veit du kva eg snakkar om) og eg kan stolt sei at eg svingte pittelittegranne fram og tilbake.


Min kjære vertsmor som hater meir enn alt anna å bli massert. Så klart masserer eg då.

Me hadde med våpen som blei fyrt av, flinke studentar som me er skøyt verken dei Norske eller dei Brazilianske studentane, men me kasta tallerkane ein skyt i lufta.



Eg kastar den orange tingen du ser i midten av bilete og Riley skyter den.


Eg kan ikkje utrykkja kor mykje eg elsker dette bilete. Seier så mykje.

 

Kan ikkje sei anna enn at dette var ein super vellukka tur og eg hadde ei fantastisk helg. 


Alle fekk tilogmed si eiga hue/panneband grunna vmor sine utulege hekle kunnskapar.

- Karianne

Skrevet 03.10.2013 kl.06:25. Ligger i kategorien USA

1


21.25
Kan ikkje sei anna enn at detta er som å ha bursdag!

TUSEN TAKK mamma for mat og Mauro for sjokoladen min ++!!

No skal eg feira med ei skjeva med prim!

Skal prøve å få opp ein video, ein av dei neste dagane. Har/hatt ei travel veka så masse og fortelja om!

- Karianne

Skrevet 16.09.2013 kl.07:29. Ligger i kategorien USA

6


Hei alle Norgesmenn!

Har akkuratt hatt ein utruleg gøy skype-date med mamma, er utruleg morosamt å sjå korleis «prioriteringane» hennar har forandra seg etter eg reiste frå ho. No er høgaste dagsmål å gi katten til Magnhild mat og ppillene.

Eg hadde ein fantastisk tur opp på fjellet og held på med ein video frå turen no.. Den kjem.. Ein dag..

Trek 2013

Eg har ikkje hatt så veldig mykje og blogge om, så eg har bare latt det ligje, men ser det at eg treng og blogge meir. Dagane begynner og bli rutine, og for dykk som ikkje veit så ser dagane ut slik som dette for meg:

05.00 ? Stå opp å stelle meg.
06.00 ? *Blir plukka opp av venner, så går me i kjirka på «Semenary».*
07.30 ? Skulen starter; US history, engelsk, matte, LUSJ og dans.
14.10 ? «After the bell» alle cheerleadere som har C eller mindre må gå på dette. Ekstra hjelp etter skulen.
15.00-17.00  ? Cheerpractice (med mindre det er kamp)((ikkje trening på fredag)).

* Semenary; sidan vertsfamilien min er mormoner går me i den mormonske kjirka kvar søndag. Men i tillegg til søndags samling så har ungdommar som er mormonara moglegheiten til å gå på «Bibelskule» kvar morgon før skulen startar. Dette er noko eg sjølv velger og gjere, heilt frivilleg! Eg er der ikkje nødvedigvis pga. sjølve bibelstuderinga, men fordi folkene som er der er ein så fin start på dagen å møte. Eg forstår kva dykk tenker; Korleis er det mogleg? Dei er superkristene og ber heile tida osv.. MEN nei, dei er heilt «normale» tennåringar som bare har ei sterk tru haha.. Håper dette gir meining. Dei er ivertfall ein fantastisk gjeng som gir så mykje latter og glede.


Kven sa at kjirka ikkje var morosam å gå i?

Eg er altså på skule frå 06.00 til 17.00 kvar dag. 11 timar. + lekser

Så med det sagt så vil eg bare beklage at eg ikkje tar noko særleg kontakt med dykk der heime. Som du ser så har eg mykje skule, og problemet er at når eg er på skulen då er det dag heime i Noreg. Når eg er ferdig på skulen for dagen, då er det natt i Noreg.

Dagane begynner og bli kaldare, me er no nede i 39 grader!

Helga mi har vert ei super gøy helg for eg har fått vert med Sara igjen. Me har vert på shopping på eit megastort shoppingsenter som heiter «Fashion Square» og hatt skikkeleg sleepoverparty. Me var også i Sara sin kjirke i dag, som er ein kristen kjirke. Det er alltid like morosamt å gå i den for alle er så veldig involverte i sangene, akkuratt som på film!

Vertsmor har vert i Idaho i 1 ½ veke no, og kommer heim i morgon (ho skulle komme heim på torsdag, men vfar møste seg fram til at ho kom i morgon) og det gleder eg meg såå masse til!

Ein kort oppdatering trudde eg, men det blei jo faktisk eit innlegg ut av dette. Håper det står bra til heime og at dykk ikkje regner vekk(?).

 

-     -  Karianne

Skrevet 05.09.2013 kl.14:26. Ligger i kategorien USA

3


Tid; 05.26

Hei!
Vist dykk les litt lengre ned skriev eg for ei lita stund sida at eg skulle ut på ein tur i fjellet. Dette er ein tur som er organisert av det Mormonske samfunnet her i AZ, så me er oppmot 80 stk. som skal opp i dag.

Når eg prøver og forklara mine "nonmormonic" (heilt nytt ord eg kom opp med, men det er tatt i bruk av dei fleste her nede) så skjønner dei ikkje kva eg meiner og ser ganske dumt på meg, så eg bare seier det er ein Camping tur der me kler oss ut som Amish folket.

Har vert på bruktbutikkar og funne meg outfits og fått folk til å sy kler til turen! Dette er eit av antrekka eg skal bruke. (Haha)

Eg skal filme mykje og ta bileter medan eg er der, så det kjem nok ein video om nokre dagar frå turen.

Utanom det hadde eg min første kamp som cheerleader; noko som var utruleg spannande og lærerikt. Skjønner ikkje bæret av kva som foregår ute på banen.. Men ein ting som er lett og sjå er kor mykje repspekt Amerikanarane har for både nasjonalsangen og spelerane.

Då me skulle synge nasjonalsangen (dei gjer dette før ALLE kampar) var me nødt og snu oss mot flagget, ta venstrearm over hjarta og høgrearm bak ryggen. Det var ein som blei skada og då går alle fotballspelarane ned på eit kne, uansett lag, alle cheerleadera må setta seg ned - og INGEN har lovt og sei eit ord.

Om dagane er det 43+ grader ute, men håpar me snart kjem oss ned på 30 gradene.

Håper alle har da bra heima, og at dykk andre utvekslingsstudentar har det bra!

- Karianne

Skrevet 03.09.2013 kl.08:35. Ligger i kategorien USA

2


Tid; 23.35

Me pakka soveposen, puta, baggen og eit tonn med vatn og drog på camping. Me køyrde i 3 ½ timefør me kom til camp «Bennie?s ridge».

Snakk om redneck (harry). Det var campingvogn, bål, utedo og eit ute hus og grillhus. Me var i utehuset ein del og spelte kort og andre amerikanske spel.




Bea (vsøster fra Brazil), mom, Ryan (vertsbror), Ashlynn(verstbror?s kone), Ben(familievenn) og to hunder, samla oss rundt bålet (bonfire) og fortalte historiar og lagde s?mores. Hadde ein veldig amerikansk opplevelse med andre ord.



 

Satt saman ein liten video snutt fra turen.



Håpar alt står bra til heime, og at alle har det bra!
- Karianne

Skrevet 26.08.2013 kl.06:31. Ligger i kategorien Tankar

7


Tid; 21.31 (25.08)

I dag er fyrste gong eg verkeleg forstår meininga med utrykket: «Utveksling er ikkje for alle». Eg sit med følelsar som eg aldri har følt, inntrykk eg aldri trudde eg skulle få, tankar som ikkje kan forklarast og ein følelse av at noko ikkje stemmer.

Heimlengsel slo meg i dag.

Små ting som ein i kvar dagen ikkje vil leggja merke til. I dag har eg sakna det meste..
Mamma som kommer inn kvar einaste morgon for å sei god morgon, vennen min.
Pappa som stryk meg over kinnet og seier « E så gla i dæ, vennen min» i sin sterke sørlandsdialekt.
Tomine som ligg ved sida av meg når eg vakner.
Mauro sine armar rundt meg.
Siren sine gode ord og uendelege støtte.
Nærleiken av alle mine så alt for gode venner.

Eg saknar ein skikkelig klem, ein klem som verkeleg betyr noko. Friheiten eg har heime, det at eg kan gå ut når eg vil, gjer kva eg vil og være med den eg føler for. Eg saknar dykk der heime.

 

I dag var ein hard dag. Men eg kom meg igjennom den og eg skal starte morgon dagen med eit smil igjen.


- Karianne

Skrevet 19.08.2013 kl.09:26. Ligger i kategorien USA

3


Lokaltid; 00.25

Dagane går så fort! Tenker eg har ein del og oppdatere dykk på.

Fyrst av alt så kan eg starte med at; I?M A CHEERLEADER! Var på tryouts på onsdag og kom med på JV-team! Me måtte lære oss eit kamprop og ein kampsang, i tilegg måtte me gjer 3 forskjellege hopp. Hoppene gidder eg ikkje ein gong å gå inn på haha, det var bare katastrofalt. Var ganske så 100% sikker på at eg ikkje skulle få komme med på laget, men trur dei treng ei sterk litt større jente til og holde opp alle desse små altforfleksible jentene haha. Uansett så er eg over månen glad for dette!

Angåande skule så har eg fått meg eit bord ved lunchen saman med mange andre jenter som er så alt for morosame. Så der trur eg at eg kan få ein god del venar. Eg har bytta matte så no har Buisness math 1-2 (tilsvarer 1p- ha ha), men føler alt går ganske greit no. Liker engelsk timane mine veldig godt sidan eg har fått ein del venar der. Dans går veldig bra også, er veldig glad eg velde dans fordi me tøyer masse og lærer masse teknikk ? noko som vil komme bra med når eg no er cheerleader.

Vertssøstera mi frå Brazil kom på torsdag! Bea heiter ho. Ho er så søt og med tanke på at ho bare har lært engelsk i fire korte månadar så er ho ganske god i engelsk. Eg trur me kommer til å ha det bra saman, sjølv om ho er ganske stille av seg.


Vertsøstrene til meg og Sara. Bea og Wonhui.

På laurdag var det eit møte for alle utvekslingsstudentar som er i Arizona med Educatius. Me var i eit gaming lokal så etter det lange møte så fekk alle eit «bankkort» med 50 dollar som me kunne spele for.

Etter møte kjørte Sara, Bea og eg + litt familie av Sara på ein vatnpark «Wet ?n wild» noko som var utuleg gøy! Me tok alle skliene ein kunne ta og det var supert, sjølv om dei omtrent måtte dra meg med på kvar einaste sklie.. Eg sov over hos Sara.


 Seier sitt.


 Fekk gratis icecone.

Søndag var Saras bursdag. Dagen starta med pannekaker og presang åpning. 


 Vertsfaren til Sara kom med presang, blomster og ballong.


Me fortsatte så til kirka, det var ein veldig ny opplevelse som var både spanande og tankevekkande. Dei har ikkje same kirke opplegg som i Noreg det kan eg fortelja dykk.


 Etter kirka var ferdig.

Me fortsatte vidare til «The cheesecake factory» der me åt kake. Me kunne bare spise ein forrett fordi kakestykkene er så store! 

Taco i salat.


Bursdags presangar blir delt ut.


 
 Me bestillte alle forskjellege kakestykker, så spiste me to skeier kvar før me bytta tallerk.

No sit eg her og skyper med mamma og skal legge meg til å sove. I morgon har eg fyrste cheerlearder trening!

 

-    -  Karianne 

Skrevet 12.08.2013 kl.00:39. Ligger i kategorien USA

9


Tid; 15:39

Fyrst av alt så slukna eg kl 11 i går kveld, så når eg faktisk skulle legge filmen på youtube tok det 5 TIMAR for at den skulle bli ferdig!!!

Dykk får sei ifrå om det er betre med video eller om eg skriver?
Forresten besvimte eg når eg såg visningsgreio på bloggen ? 100 sidevisningar på ein dag, eg er kjendis.

-      Karianne 

Skrevet 11.08.2013 kl.01:37. Ligger i kategorien USA

2


Tid; 16:34

 

Eg får daglege kommentarar på facebook om at eg må blogge meir,blogg om skulen, blogg om skuledagane og alt det, men ser sjølv at det ikkje kommer til å skje. Lager ein video istede som blir lagt ut ein gong i kveld (hos meg)!



- Karianne

 

Skrevet 08.08.2013 kl.13:10. Ligger i kategorien USA

1


Lokaltid; 04:10

I dag har vert ein morosam og produktiv dag. Starta med donut til frukost, noko som skal bli lenge til neste gang.. Hju. Me tok turen vidare til Paradise Valley Mall (aka. PV mall) der eg kjøpe nokre basic topper og ein shorts til skulen som starter i morgon.

Vidare kjørte me til kiropraktor der me blei sittande i ein heilt time ventande.. Viste seg at legen hadde gått heim lol. Vertfall så kom legen tilbake og han såg på nakken min og sa det var noko skreivt i den..?  Han sa det låg ein veldig gamal skade på høgreside av nakken (mamma??). Han knakk litt opp her og der og det var utruleg deilig!

Etter kiropraktoren gjekkme heim og eg  hadde ein skype samtale med Tomine før eg skulle avgårde på «Young women». Young women er jenter frå 14-18(?) trur eg, som er mormoner. Eg fekk meg venner, yeey! Så no har eg blitt kjend med ein del Juniors og to stk. som er Senior det same som eg skal være! Mens me var der så snakka dei om ein tur i september og alle sa eg burde bli med? Eg nikka og sa okei, sjølv om eg ikkje hadde ein einaste ide om kva dei snakka om.. Seinare fant eg ut at det er ei langhelg der dei kler seg ut slik mormonane kledde seg på 1800-talen (ganske likt amish klesstilen) også går dei på lange turar der dei drar ei vogn med seg om dagen også søv me ute under stjernene. Gleder meg faktisk ganske masse til denne turen!


Denne turen kalles Trek. Slik skal me kle oss hahaha!

I måro eller om nokre timar (fortsatt jetlagged, men det kjem seg) skal eg på skulen og få timeplanen min og starte mitt amerikanse High School år! Heldigvis har eg fått meg litt vennar og Natalie (frå Young women) skal komme og vise meg rundt og slik!

Beklagar at eg ikkje har bileter frå i dag?.. Skal huske kamera meir!

Håpar alt står til bra heime!

-      Karianne

Skrevet 06.08.2013 kl.07:12. Ligger i kategorien Vertsfamilie

5


Hei igjen!

Flyet frå NYC til PNX var fylt med spenning, glede, utmattelse og trøttheit. Satt saman med Sara ved exit utgangane så det var deilig. Ein kunne sjå overgangen frå grønne tre til ein plutseleg ørken då me fløy den 5 1/2 timars lange turen.



Alle studentane går igjennom flyplassen og runder hjørnet ? der står alle familiane og venter, men viktigast av alt mama Laurie og papa Mike med eit stort skilt og ein flott bukett og smiler! Mike fekk så klart tårer i augene (han «møse» for alt haha). Eg fekk to gode klemmar før me gjekk og henta bagasjen.

Eg kom ut av flyplassen for å hente bilen.. Varmen slo mot meg!! Det er ikkje til å tru  ein gong. Alle har sagt at det er så varmt der osv. men har aldri tatt det så veldig til meg.. Eg kommer heilt seriøst ikkje over kor varmt det faktisk er her nede, og det verste av alt ? dei seier det «er ikkje varmt» siden det var overskyet!!!!! (Snakker 42 grader)

Då me kom heim frå flyplassen viste dei meg litt rundt i huset. Eg har fått ei dobbelseng som er kjeeempe høg. Rommet mitt er ganske likt det rommet eg hadde før heime, bare litt større + eit walk in closet.




Dei gjer alt for at eg skal føle meg velkommen, og dei er såå hærlige og veldig morosame. Eg ler heile tida, og eg kan til no vertfall sei at det ser veldig bra ut. Det dei snakkar mest om er nok maten, at eg skal få ete akkuratt det eg vil og at eg må alltid bare ta mat vist eg vil ha. Me gjekk også på Inn ?n out og spiste ein burger med pomefrites.

Eg hadde diverre ikkje sove på 2 dagar så eg kollapsa i senga då kl var 1400 og såv til 1000. Dagen i morgon består av skulebesøk og handling inn av ting som eg treng.


Parkeringsplassen vår

Har eit lite problem med at det ikkje er psykologi på Paradise Valley HS, så me har prøvd å få til at eg får bytte skule. Eg fekk beskjed om at det ikkje går så det er ganske trist då eg faktisk trur eg hadde likt meg betre på Horizon. MEN men vertsfar gir ikkje opp seier han så me skal prøve og få det til. Dei sa heilt seriøst at me kunne flytte slik at me endte opp innfor grensene til Horizon..! Fyrst trudde eg dei bare tulla, men dei var faktisk veldig seriøse - eg sa så klart nei til det. Men kor fantastiske er ikkje dei som faktisk vurderer det bare pga. MEG???

Utanom det så har eg fått ein liten tour rundt i "huset" eller kva eg skal kalle det! Har bare sett det eine bassenget endo, men det var sååå deilig!


På veg til bassenget.


Er ho ikkje søt!?

- Karianne

Skrevet 04.08.2013 kl.22:41. Ligger i kategorien USA

2


USA time; 12.09  (03.08.13)

Hei igjen!

Då var dag to og den siste dagen i NYC over for denne gong. No reiser eg vidare mot Arizona om få minuttar.

Dagen starta kl halv sju med frukost og stelling, før me kjørte ut med tour-bussen. I dag var det Upper eastside som var målet. Me hadde tour frå kl 10 til 13, som var utruleg interessang eigentleg! Lærte utruleg mykje om NYC sin historie og kvifor ting var som det var!

Me gjekk ein runde rundt i Grand central park, det var utruleg flott!

 

Fun fact; Grand central station var i løpet av krigen malt heilt svart og var bare heilt ødelagt. I seinare år har dei vaska ned heile bygningen, men utenlatt ein liten brikke oppe i taket, der har dei latt ein være i fred. Dette er for å minne Amerikanarane om korleis det ein gong var.

Me har gått rundt i NYC og handlet masse! Hadde ein liten episode der det kom ein mann springande medan han såg ganske så fortvila ut.. Plutseleg stoppa han bare opp, drog ned buksa og diaré fosset ut?! MEN utan om det kan eg ikkje sei anna enn at det har vert fantastisk, lærerikt og spannande!

No er New York eventyret over, og det startar og gå så smått opp for meg at eg faktisk ikkje kjem heim igjen på ei stund. No gleder eg meg utruleg mykje til å møte vertsfamilien! 

Utanom det vil eg bare sei takk til ALLE på Soft Landing campen som gjorde dette til ein fantastisk start på eit nytt og spanande år! Det har vert SUPERT! 




Skreiv dette i går, men poster no pga. null internett tilgang! Snart innlegg om møte med vertsfamilien!

 

-      Karianne 

Skrevet 03.08.2013 kl.05:19. Ligger i kategorien USA

1


USA tid: 23.20

Då var ein full dag i New York City ferdig!



Me starta dagen så tidleg som kl 06.00 og var ute av døra kl 07.45. Me tok buss rundt i NYC sine øyer der me hadde tour-guide som forklarte om alle dei forskjellege bygningane og andre ting me lurte på. Han var utruleg flink og forklare sidan han brukte masse filmar som eksempel. Han sa «Ser dykk den bygningen der borte? Ja, den er der Men in black er spelt inn» «Her i desse blokkene her har Leonardo DiCaprio budd» osv.




Me fekk sjå der Twin Tower stod og resten av World Trade Senters.


Me tok ferja til Staten Island så me køyrde forbi Statue of Liberty.





Me avslutta touren i Soho (står for South Housten forresten) der me starta shoppinga.






Flyturane gjekk forresten veldig bra, hadde flotte Sara ved min side som gjorde turen meir enn bra. Anna og Håvard gjorde også turen ganske så behagleg.                                                                                                                                                      

Flyreisa mi såg/ser slik ut:
Bergen 12.05 ? London 13.45 (1t 40min)
London 16.00 ? New York 19.00 (7t 5min) 
New York 06.45 ? Arizona 09.05 (5t 30min)





No glæd æ mæ til morra da'n, som ho Sara sir - Då skal me til uppereast side!

-     - Karianne

Skrevet 01.08.2013 kl.00:23. Ligger i kategorien Før avreise

4


Hei!

For 3 korte dagar sidan trudde eg me var på veg til tante for å ha ein liten kosekveld med litt familie.. Køyrde med vennina til mamma som «tilfeldigvis» dukka opp i huset vårt for kaffi. Me skulle rett ned til bestefar og hente ei kake, men då me runda svingen ned bakken var det eit hav med mennesker som sto og flagga det Norske flagget.

Det einaste eg klarte og få fram var; Er det for meg!?

Har alltid lest andre bloggar om at dei fekk overaskelsesfest før dei reiste avgårde, også har eg alltid vert sjalu for det virkar så gøy! Tusen takk til ALLE som kom! Det var 50 som var invitert og 46 hadde moglegheit til og komme! Det betydde alt for meg.

- Karianne

Les mer i arkivet » April 2014 » Mars 2014 » Februar 2014


Karianne frå Stord, 17 år. Reiser med Explorius/Educatius 2013/2014 Skiver om prosessen, tankar og opplevelsar. Ta gjerne kontakt i kommentarfeltet eller på mail til karianne_bjelland@hotmail.com.




  Phoenix Time

Siste innlegg



Bloggdesign

hits